Måndag 16.november kl 12:00 vert ein merkedag i Seljord!

Måndag 16.november kl 12:00 vert ein merkedag i Seljord!

Presseskriv

HISTORISK STAD


Måndag 16.november kl 12:00 vert ein merkedag i Seljord! Da vert det offisiell avduking av symbol på at Hegna landhandel nå er ein Historisk Stad «Denne raude låven er fødestad for Noregs første høgteknologiske daglegvarebutikk»

Den offisielle avdukinga blir utført av Ordførar Beate Marie Dahl Eide, Seljord kommune.

Arrangementet er opent for alle og på gjestelista vil det væra representantar frå Fylkesmannen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet m/fleir.

Hegna Landhandel har blitt ein forskningsarena for utvikling av sjølvbetente butikkar. Arbeidet starta i 2014, og Hegna Landhandel opna 21.juni 2018. Konseptet viste seg å bli ein suksess. I 2019 valde Merkur-programmet Hegna-modellen som utgangspunkt for eit nasjonalt pilotprosjekt med utprøving av fleksible opningstider ved bruk av ny teknologi. Merkur er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å sikre gode tenester i Distrikts-Noreg gjennom berekraftig utvikling av distriktsbutikkar.

Seljord kommune har vore ein aktiv bidragsytar ved å tilrettelegginga for nyskapande næringsutvikling på Hegna, som nå har fått stor nasjonal betydning. For ettertida vert det no avduking av Historisk Stad på Hegna som ei påminning om kva som er mogleg å skape av utvikling i distriktet.

Det vert servera tradisjonsmat for å markere dagen.

Arrangementet går føre seg ute, ihh til gjeldene retningslinjer for Covid19.

Taleliste

Kl 12:00 Ordførar i Seljord
Kl 12:15 Næringssjef i Seljord
Kl 12:30 Merkur, ein del av Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kl 12:45 Hegna Landhandel


Kontaktpersoner:
  • Gro C. Aasgrav dg.leiar, Hegna Landhandel tlf 911 74273 – gro.catrine.aasgrav@hegna.no
  • Beate Marie Dahl Eide, Ordførar i Seljord kommune tlf 917 39 893 - beatemarie.dahleide@seljord.kommune.no
  • Per Kjetil Jørgensen seniorrådgivar, Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling - Merkur-programmet tlf 473 44487 - per.kjetil.jorgensen@kdu.no